Vern av matjorda i Bømlo


Publisert: 22.03.2013

I ein liten øy kommune, vest mot havet i Hordaland, ligg Bømlo. Her bur driftige folk, i vakker  natur! Kommunen skal bruke 1000000000 kr! (ein milliard kroner) på veg bygging. Slikt lagar spor i produksjonsareala i landbruket, og den vakre naturen som finnes. Vidare reises nye bustadfelt i rekordfart. Her trengst ei jordvernforeining!


I linken under kan du lese frå vårt fyrste årsmøte, henta frå lokalavisa Bømlo-nytt.

 

 

http://www.bomlo-nytt.no/kjempar-for-matjorda 

 

 

 

Vedtekter for Jordvernforeininga i Bømlo 

 

Vedtekter for Jordvernforeininga i Bømlo

§ 1
FORMÅL
Jordvernforeininga i Bømlo er ein tverrpolitisk og partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon.

Foreininga vil gjennom handling og målretta informasjonsarbeid mot media, politikarar og opinionen søkja å samla brei forståing og støtte for behovet for eit sterkt jordvern i Bømlo. I dette arbeidet er det viktig å understreka at jordvern er ei brei samfunnssak.

Foreininga krev at utbygging skal skje på andre areal enn dyrka mark, inkludert beite. Her må det også takast omsyn til kulturminne, biologisk mangfald og liknande.


§ 2
MEDLEMMER
Foreininga er basert på personleg medlemskap. Årsmøtet bestemmer kontingenten.


§ 3
UTMELDING
Utmelding av jordvernforeininga skal skje skriftleg til styret.


§ 4
STYRET
Foreininga vert leia av eit styre på fem personar, med to varamedlemmer. Styremøter vert haldne når leiaren finn det nødvendig, eller når tre styremedlemmer krev det.

Oppgåvene til styret:
1. Konstituera seg (leiar vert vald på årsmøtet).
2. Stå for drifta av foreininga.
3. Sørgja for å skaffa kontaktpersonar i kommunane der ein finn det nødvendig.
4. Sørgja for at rekneskapet vert forsvarleg ført.
5. Sørgja for at det vert ført protokoll frå møta.

§ 5
ÅRSMØTET
Årsmøtet er det øvste styringsorganet til foreininga og vert innkalla av styret. Som hovudregel skal årsmøtet haldast i november. Innkalling med saksliste skal sendast ut seinast 14 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet kan berre gjera vedtak i saker som er nemnde i innkallinga. Saker som ein ynskjer skal takast opp, må meldast styret seinast 3 veker før årsmøtet.

Årsmøtet skal:
1. Godkjenna innkalling og sakliste.
2. Velja møteleiar.
3. Velja to medlemmer til å skrive under protokollen saman med møteleiar.
4. Behandla årsmelding.
5. Behandla rekneskap.
6. Behandla innkomne saker.
7. Behandla budsjett.
8. Velja leiar for eitt år. Val av leiar skal gå føre seg skriftleg.
9. Velja to styremedlemmer for to år og velja to vararepresentantar for eitt år i nummerorden.

10. Velja eitt medlem for tre år til valkomiteen (som har tre medlemmer og der lengstsitjande medlem kvart år går ut) og velja eitt varamedlem for eitt år.

11. Velja ein revisor for eitt år.

Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret eller ¼ av medlemmene krev det.


§ 6

VEDTEKTSENDRINGAR
Vedtektsendringar kan gjerast i ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Det skal stå i innkallinga kva endringa gjeld. Vedtektsendring krev minst 2/3 fleirtal på årsmøtet.


§ 7
OPPLØYSING
Årsmøtet kan oppløysa foreininga når det finn det ynskjeleg. Oppløysing krev 2/3 fleirtal på årsmøtet.