Jordvernforeinga i Bømlo kjempar for matjorda

Det første styret i Bømlo Jordvernforeining

Historisk sus over Gilje skule tysdag kveld. Då vart det fyrste ordinære årsmøtet halde i det som er landets fyrste lokale jordvernforeining.

Det fyrste styret i Jordvernforeininga i Bømlo   Tekst og foto er henta frå Bømlo-Nytt

Det fyrste styret i Jordvernforeininga i Bømlo: frå venstre Ståle Sakseide, Eli Tverborgvik, Jan Sigve Særsten Robberstad og Kåre Habbestad. Lars Økland var ikkje til stades.

 

- Det handlar om å ta vare på matfatet vårt. Me vil skjerma areal som kan nyttast til matproduksjon, og me vil ta vare på det biologiske mangfaldet. Me er glad i fuglar, dyr og insekt, og me vil kjempa for at dette ikkje skal gå tapt. Nokon må løfta denne saka opp, og me vonar at vårt nærvær vil minna kommunen sine folk på kor viktig dette er, sa Jan Sigve Særsten Robberstad, nyvald leiar i Bømlo Jordvernforeining i sin velkomsttale til årsmøtet.

 

I Bømlo-nytt kan ein lese meir fra årsmøtet

 

- I vedtektene til foreininga står det at ein gjennom handling og målretta informasjonsarbeid vil arbeida mot media, politikarar og opinionen, og slik søkja å samla brei forståing og støtte for trongen for eit sterkt jordvern i Bømlo. I dette arbeidet er det viktig å understreka at jordvern er ei brei samfunnssak.

 

- Foreininga krev at utbygging skal skje på andre areal enn dyrka mark, inkludert beite. Det må også takast omsyn til kulturminne, biologisk mangfald og liknande.

 

- Jordvernforeininga i Bømlo står tilslutta den nasjonale Jordvernforeningen i Norge, og ser det som viktig å støtte næringsutvikling innan landbruket i Bømlo, og slik sikre lokal produksjon av mat, heiter det i vedtektene.

 

Interminstyret frå 2015 vart samrøystes vald til det fyrste ordinære styret:

Jan Sigve Særsten Robberstad, Ståle Sakseide, Eli Tverrborgvik, Kåre Habbestad og Lars Økland. Særsten Robberstad vart vald til leiar.

Varafolk til styret er Gunhild Grindheim og Gina Digernes.

 

Tekst og foto: Kristine Sele og er henta frå artikkelen i Bømlo-nytt

 

Ønsker du kontakt med redaktørene?  Send en e-post til "navn på aktuelt fylke"@jordvern.no, f.eks vestfold@jordvern.no. 

Fotografer bakgrunnsbilde

Hovedside: Kristin Berg Johnsen    Telemark:Arne Hjeltnes     Vestfold: © Melsom VGS     Buskerud: Per Olav Krekling     Oslo og Akershus: Øyvind Kjølberg