Foreslår at Område B10, Fremre Mo, Ørsta, ikkje blir lagt ut til offentleg ettersyn


Publisert: 26.04.2021

I brev til Ørsta kommune ber Jordvern Møre og Romsdal om at Område B10 på Fremre Mo i Ørsta ikkje blir lagt ut til offentleg ettersyn. I kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda er området sett av m.a. til bustadføremål. Kommunen har utarbeida framlegg til områderegulering. Planområdet er på langt over 200 daa, der mykje er dyrka og dyrkbar jord.

Planlegginga har kome så langt at kommunestyret skal gjera vedtak om planframlegget skal leggjast ut til offentleg ettersyn. I samband med dette ber Jordvern Møre og Romsdal om at framlegget ikkje bør leggjast ut til offentleg ettersyn og at planen ikkje blir realisert, men at arealet heller blir tilbakeført til LNF-område. Det blir m.a. vist til at Møre og Romsdal sin relative andel av nedbygging ikkje bør overstiga 200 daa pr år. Ei eventuell utbygging på Fremre Mo i samsvar med framlagt plan vil utgjera ein for stor andel av dette. Les heile brevet her.