JORDVERNKONFERANSE GJERMUNDNES 21.5.


Publisert: 22.03.2013

Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld å ta i bruk dyrka jord til andre formål. Dette var litt av bakteppet då det vart invitert til jordvernkonferanse i regi av Landbruksmuseet og i samarbeid med Fylkesmannen, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og Jordvern Møre og Romsdal. 


Dette er 2.året det blir invitert til jordvernkonferanse i Møre og Romsdal. 35 deltakarar fekk vera med på ei reise i jordvernspørsmål, der ulike utfordringar vart belyst frå mange sider.

Bra deltagelse på Jordvernkonferansen 

Møteleiar, Kolbjørn Gaustad, ønska forsamlinga velkommen og meinte at konferansen no er i ferd med å finna sin plass og kom inn på at oppslutninga og interessa ser ut til å bekrefta dette.

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp), opna konferansen og ønska velkommen til kommunen. Vestnes er ein relativt stor landbrukskommune i fylket og har både kornsilo, meieri og landbruksskule. Det er same utviklinga i landbruket i Vestnes som ellers i landet. I Tresfjord har antal bruk med mjølkeproduksjon blitt redusert frå 30 til 5 på knapt 25 år. Til slutt understreka han kor viktig det er å ha ein god overordna arealpolitikk og eit godt planverk
for arealdisponering.

 

Rektor på Gjermundnes vidaregåande skule, Aadne Haarr, sette jordvern inn i eit historisk perspektiv med innlegget «Gjermundnes landbruksskule gjennom 100 år». Skulen har ei lang historie og det tradisjonelle agronomkurset har alltid vore kjerna i tilbudet ved skulen. Men det har også vore behov for å tilpassa seg både til endringr i etterspørsel om utdanning og til krav knytt til struktur, reformer og pensum.

 Landbruksdirektør Frank Madsoy

Landbruksdirektør Frank Madsøy (bildet over) sitt innlegg hadde tittelen «Jordvern – eit samfunnsansvar». På ein god måte gjorde han greie for bakgrunnen for behovet for jordvern. Det sentrale er å sikra areal for framtidig jordbruksproduksjon. Jordressursane er avgjerande for ei næring som samfunnet har fleire målsetjingar for. Matjorda er under press. Han kom inn på status i fylket, verkemidlar og kommunar og fylkesmannen
si rolle. Det nyaste styringsdokumentet er Stortinget sin nyleg  vedtatte jordvernstrategi. Det er også laga ein eigen jordvernstrategi for Møre og Romsdal.

 

Pål Farstad holdt innlegg på jordvernkonferansen

Stortingsrepresentant Pål Farstad (V) hadde fått i oppgåve å gjera greie for «Kva er nytt i lovverket ?» Utganspunktet for dette er at han har vore saksordførar for ny nasjonal jordvernstrategi, som no er vedtatt av Stortinget. Strategien handlar om at det årlege målet for omdisponering av dyrka mark skal vera 4000 da, og at dette målet skal nåast innan 2020. Dessutan skal det leggjast fram positive verkemidlar for kommuane som
vil gjera det enklare å unngå utbygging av dyrka mark, det skal etablerast eit skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikarar, det skal utredast om fylkeskommunen bør få større rolle i planarbeidet knytt til jordvern, det skal vurderast utvida meldeplikt i jordvernsaker, m.m. Farstad gjorde greie for prosessen fram til vedtak, samt at han orienterte nærare om si tilnærming til jordvern. Det kom fram at det ikkje var fleirtal for å laga ein plan, som
er meir bindande enn ein strategi. Utfordringa i prosessen har m.a. vore å gjera strategien så bindande som muleg. Utfordringa framover er å halda saka så varm og aktuell som muleg. Slike konferansar er viktige i den samanhengen.

 

Heidi Skaug

Utbyggingssjef i Rauma kommune, Heidi Skaug, tok for seg temaet «Jordvern i kommunal arealforvaltning». Ho tok, naturleg nok, utgangspunkt i situasjonen i Rauma kommune. Innleiingsvis vart det presisert at det er ei viktig oppgåve å klargjera kva areal i kommunen som ikkje skal utbyggjast. Dette m.a. med utgangspunkt i at Rauma er av dei største landbrukskommunane i fylket. Ho hadde ein god gjennomgang av føringar og bestemmelsar for jordvern. Plan-
og bygningslova
og Jordlova §§9 og 12 er sentrale. Det vart imidlertid presisert at den politiske behandlinga i kommunen er avgjerande for om jordvernet blir godt ivaretatt. Ho kom vidare inn på dokumentet Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging (2015), som også er eit sentralt styringsdokument. Her heiter det m.a. at «jordvernet må balanserast mot andre samfunnsbehov». Denne formuleringa må reknast som relativt svak i jordvernsamanheng.
I kommuneplansamanheng blir det no tatt i bruk «hensynssoner landbruk», som synest å vera eit bra redskap. Ho kom også inn på at det var viktig å ha dyktige fagfolk i kommuneadministrasjonen. Det å ha ein dyktig jordbrukssjef som kjenner næringa er svært viktig. I kommunen er det også slik for tida at omdisponering av areal er mindre enn godkjent nydyrking. Ho kom også inn på nyleg vedtatt næringsstrategi for auka matproduksjon. Denne
konkluderer m.a. med at det er nok areal i kommunen, men at fordelinga kunne ha vore betre. Det er m.a. ein omfattande leigejordsproblematikk som det burde ha vore sett nærare på.

Avdelingsdirektør Statens vegvesen Ole Syltebø

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Ole Syltebø sitt tema var Kor skal vegen gå i framtida ? Han innleia med å fortelja at Statens vegvesen i regionen (3 fylke) samla har 345 mill til disposisjon for planlegging av vegprosjekt. Dei største prosjekta i fylket no er fjordkryssingar:  Sulafjorden, Halsafjorden og Romsdalsfjorden, samt Romsdalen. Til saman er 160 vegprosjekt under planlegging i regionen. Det blir fremma innsigelse mot svært få av
dei prosjekta som kjem frå Statens vegvesen.

Det blir no sett som krav at ny E39 Molde – Ålesund skal planleggjast som 4-feltsveg. Dette betyr t.d. midtrabatt, fleire tunnellar, færre svingar, færre bakkar, større fyllingar samt 2-planskryss i staden for rundkjøringar. Arealbehovet til slike veganlegg er vesentleg større enn for 2-feltsvegar. Det er berekna at arealbehovet for dyrkajord for ny E-39 gjennom Vestnes utgjer 45 da permanent og 200 da midlertidig.

Syltebø understreka at det må respekterast at ulike interesser må avvegast mot kvarandre. Han kom også med nokre spørsmål og påstandar:

  • Er jordprisen for lav ? Med dei konsekvensar det får.
  • Det er for mykje leigejord. Det fører til jord i dårleg tilstand, som det i neste omgang er lettare for å få aksept for å selja.
  • Grunneigar kjem dårleg ut i erstatningssaker. Rettspraksis er uheldig.
  • Tener odelslova interessa til dei som ønskjer å driva eit aktivt landbruk ?

Til slutt kom han inn på at folk flest ønskjer lokal mat, eit aktivt landbruk og velstelte bygder. Landbruket har god støtte i befolkninga. Dette er det viktig å ha som bakteppe også i arealsaker.

 

Bybonde Wollert Dankert Krohn

Under tittelen «Bybonde i nedbyggingsland» gjorde 2 bønder greie for erfaringar med å driva bynært landbruk. Wollert Dankert Krohn har ein stor og fin gard på Årø, øst for Molde sentrum. Garden er på 270 da med sørvendt god jord. Eigedommen er svært attraktiv på mange måtar:

  • Våningshuset er freda.
  • Tunet og alleen inn mot tunet er freda. (Blodbøk, 18m/230 år.)
  • Avinor krev fjerning av blodbøka. (EU-direktiv.) Avinor kan søkja om unntak, men gjer det ikkje.
  • Det er 150 m sikkerhetssone til begge sider frå senter av landingsstripa på flyplassen.
  • Dreneringa for jorda er ødelagt pga flyplassen.
  • Det blir planlagt ny E39 med 4-feltsveg over eigedommen. Inkl brakkerigg vil dette båndlegga 130 da.

I praksis vil då 90 da gjenstå til å driva ordinært landbruk på. Er dette tilstrekkeleg grunnlag til å satsa på nytt lausdriftsfjøs for framtida ?

 

Øystein Solli er bonde på Hjelset øst for Molde og har ein gard på 90 da god dyrka jord. Det blir no planlagt ny E39 Molde – Hjelset. På det meste av strekninga vil traseen gå i overkant av dyrkamarka. Men på Hjelset vil vegen koma ned, m.a. til ei rundkjøring. Vegen vil då kryssa 3 eigedommar med dyrkajord, m.a. bruket til Solli. Opprinneleg, for 20 år sidan,  var dette planlagt som ein 2-feltsveg. No er dette endra til 4-feltsveg,
der arealbehovet til vegformål blir langt større enn det som var føresett då hovedplanen var godkjent for over 20 år sidan. I praksis vil dette medføra , pga vanskeleg arrondering og tilkomst, at landbruksarealet ikkje vil kunne drivast etter at vegen er komen.

Solli sine erfaringar og tankar knytt til dette er så langt at:

  • Trass i at forutsetningane er endra (utviding frå 2 til 4 felt) og arealforbruket vesentleg endra/auka, er det ikkje vilje hos Statens Vegvesen til å justera trasevalet slik at landbrukseigedommane får ei betre arrondering. 
  •  Det er ikkje vilje i Statens vegvesen til å utarbeida konsekvensanalyse for å klargjera verknadane av utviding av 2 til 4 felt. 
  •  Det er store feil knytt til vurdering/fastsetjing av jordverdi.

 Debatt

Siste post på programmet var at landbruksjournalist Bjørn Steinar Skarbø stilte spørsmål til eit panel beståande av innleiarane. Her er nokre av dei momenta som vart løfta fram:

  • Forenkling av Plan- og bygningsregelverket vil fort kunne bli ein ulempe for jordvernet om ein ikkje passar på.
  • Det er viktig at jordverninteressene markerer seg i høyringssaker.
  • Leigejordsproblematikk: Den som eig jorda må ha ansvar for at den blir forvalta på ein god måte.
  • Tilgang og avstand til areal er viktig for at landbruket skal kunne utvikla seg. Her har kommunane ingen verkemidlar.
  • Kommunane har oftast ikkje ei rolle som næringsutviklar. Dei store organisasjonane i landbruket har heller ikkje tatt på segnæringsutviklingsrolla. Her er det eit «missing link.»
  • I samband med arbeidet med ny jordvernstrategi var det ikkje enighet om å etablera ordning/mulighet for erstatningsjord i utbyggingssaker.

Til slutt takka møteleiar Kolbjørn Gaustad for ein god konferanse. Han takka både innleiarar og øvrige deltakarar for stort engasjement og gode innlegg. Vidare takka han skulen for god forpleining og avslutta med eit ønskje om å kunne sjå så mange som muleg av dei frammøtte på ein ny konferanse til neste år.