Film: Fylling eller Bru? Planlagd Vegtrasé Sakseid – Hestaneset
I Bømlo kommune i Hordaland held ein no på med ei enorm oppgradering av vegnettet. Gang på gang kjem ein her i konflikt med jordvern, urørt natur og dyreliv. Som i denne filmen; “Fylling eller bru? Planlagd Vegtrasé Sakseid – Hestaneset”
MATJORD, DYRELIV OG URØRT NATUR TRUGA AV VEGUTBYGGING.
I Bømlo kommune i Hordaland held ein no på med ei enorm oppgradering av vegnettet. Gang på gang kjem ein her i konflikt med jordvern, urørt natur og dyreliv. Med denne føreslegne nye traséen vil ein dela fleire gardar, legga vegen over fulldyrka mark og beiter og gå langt inn i urørt natur i eit område der hovudtrekkrutene for hjort går. Ein legg og opp til kryssing av ein viktig gytebekk for aure. Jordvernforeininga i Bømlo ber om at
ein vurderer å oppgradera eksisterande trasé i staden.
-I staden for eit alternativ med monsterfylling i Vågen så ynskjer me ei løysing med bru over Sakseidvågen. På denne måten skånar me både miljøet i Vågen og kulturlandskapet, er Jordvernforeininga i Bømlo si klare melding i denne filmen.
Klikk på bilete under for å sjå filmen