11 punkter til landbruksministeren:


Publisert: 27.11.2023

Geir Pollestad halt innlegg på Jordvern Norges årsmøte
Geir Pollestad halt innlegg på Jordvern Norges årsmøte

For å nå det nasjonale jordvernmålet trengs eitt koordinerande ledd som har mynde til å sikre at summen av lokale/kommunale jordvernmål og nasjonale aktørar som Statens vegvesen, Bane NOR, Avinor og Nye Veger ikkje overstig talet sett gjennom det nasjonale målet.

Jordvern Norge vil be Landbruks- og matministeren om å innføre/fylgje opp:

1. Etablere eit generelt forbod mot planlegging eller vedtak/tillating av planar om bygging av bustadar eller næringsbygg på dyrka og dyrkbare områder.

2. Å sjå til at ved offentleg utbygging av transportinfrastruktur får ut utbygger i sine instruksar, at all matjord som er i nye trasear skal  nyttast til nydyrking eller jordforbetring. Det må ikkje tillatast bruk av mold i vegskråningar og ved veganlegga. Ved alle offentlege infrastrukturprosjekt skal det liggja ein tidfesta masseforflyttingsplan som sikrar bruken av matjord til jordforbetring og nydyrking. 

3. Tidlegare godkjende utbyggingsplanar på dyrka eller dyrkbar jord, og som ikkje er nytta, må trekkjast tilbake etter fastlagde retningsliner. Mest mogeleg av desse tilbakeføringane til NLF bør finna stad i løpet av 2024. Som regel vil ikkje dette gi grunnlag for å reisa erstatningssøksmål.

4. Landbruket må leggja meir vekt på å unngå å byggja på landbruksjord, og bl.a. større grad riving av gamle bygg og brukar desse areala om att.

5. Jordvernet må sikrast gjennom styrka, digitalisert sakshandsaming: Arealrekneskap, betre kart- og faktagrunnlag, obligatorisk konsekvensanalyse, handsaming etter regionale og nasjonale krav og planretningslinjer osv. Slik at rett bruk av PBL gir vern av den verdfulle jorda.

6. Dyrkbar jord må få same vern som dyrka areal.

7. Det ny jordvernmålet på maksimalt 2000 da omdisponert pr. år. må nåast allereie i 2025.

8. Kommunane må, slik Riksrevisjonen påpeikar, fylgje opp og sikra at landbruksjord er i drift og ikkje blir vanskjøtta. Regjeringa må skjerpa inn dette gjennom landbruksdirektoratet og statsforvaltaren, og gje landbrukskontora fullmakt til å ilegga tvangsmulkt utan atterhald.  

9. Unytta tidlegare næringsareal som ligg brakk, bør førast attende til landbruk om mogeleg, eller transfomeras for å redusere presset på dyrka og dyrkbar jord.

10. I tri utvalde fylker bør ein som ein forsøksordning få betre fullmakter gjennom statsforvaltaren til å gripa raskt inn når jordvernomsyn ikkje vert tekne.  Me foreslår Vestfold, Rogaland og Trøndelag til ein slik forsøksordning.

11. Tilskotsordninga til kommunal jordvernstrategiar må styrkes slik at fylkeskommunar kan få på plass regionale strategiar med arealrekneskap og at kommunale initiativ kan få tilstrekkeleg finansiering.