Årsmøte Jordvern Norge


Publisert: 27.11.2023

Olaf Gjedrem opner årsmøtet
Olaf Gjedrem opner årsmøtet

Jordvern Norge har hatt årsmøte den 24. november 2023

Den siste fredagen i november samla 24 deltakarar seg i Oslo og på teams landet over for årsmøte i Jordvern Norge.

Høgdepunktet var innlegget frå Mat- og landbruksminister Geir Pollestad. Han trakk fram jordvernets verdi og hans ønskje om sterkare vern av matjorda. Me fekk ein god dialog om blant anna god og dårleg jord og dyrkbar jord.

Me fekk også innlegg frå Nils Vagstad i Nibio, og innlegg om regionale jordvernutfordringar frå Vestfold og Trøndelag.

Årsmøtesakene gjekk si vande gang. Olaf Gjedrem vart attvalt som styreleiar, og Åse Helene Monsø frå Trøndelag erstatta Ingeborg Tangeraas frå Nordland i styret.

Uttale frå årsmøte les du her: https://jordvern.no/hovednyheter/11-punkter-til-landbruksministeren/

Årsmøteprotokollen vert lagt ut her når den er signert: