Jordvernkonferanse og årsmøte i Jordvern Norge er avholdt


Publisert: 15.12.2021

Statsekretær Westberg fortalte om kva verktøy regjeringa vil nytte for å nå jordvernmålet. Det skapte god aktivitet i salen, og det kom mange innspel til kva regjeringa kan gjere for å nå jordvernmåla. Arne Bardalen gav ein god innføring i kvifor jordvern er viktig, og han lova å vere disponibel for dei organisasjonane – jordvernforeiningar og andre- som ynskjer å få ham på besøk. Det er noko me kan oppfordre til, for her var det mange gode poeng å formidle.

Me gjekk fort igjennom dei faste sakane som årsmelding og budsjett, fram til val. Då vart Olaf Gjedrem attvalt som styreleiar, Ingeborg Tangeraas vart nytt styremedlem og Hedwig Thiery Aresvik ny 2. vara.

Me avslutta med ein uttale frå årsmøtet – jordvernet må få meir gjennomslag nasjonalt og regionalt!