Nasjonal jordvernpris 2023 til Haugesund
Etter ein lang kamp har Haugesund kommune trygga dei over 400 måla med dyrka jord på Fagerheim til matproduksjon for framtida.
Jordvern Norge er svært stolte av å sitje i juryen og vere med på å gje dei den nasjonale jordvernprisen for 2023. -Tusen takk til dei framsynte kommunepolitikarane i Haugesund som sikrar at verdifull, bynær jord vert tatt vare på for framtida – og ein spesiell takk til eldsjelene som har kjempa for jordvernsaka i Haugesund, seier Olaf Gjedrem, jurymedlem og styreleiar i Jordvern Norge. Haugesund er eitt viktig vekstområde for vestlandet, og har gode høve til ein ansvarleg byutvikling der ein ikkje bygg ned verdifull matjord.
Rogaland er eitt historisk pressområde, og dette er andre gong ein Rogalandskommune får denne prisen for å ta tilbake jord frå utbyggingsføremål. Det er eitt teikn på at politikken er i endring og at matproduserande areal vert i større grad omsyntatt. Les meir om saka på regjeringa.no.