Øyvind Kjølberg ny leiar i Jordvern Norge


Publisert: 10.12.2024

Frå venstre: Øyvind Kjølvberg, ny leiar, og Olaf Gjedrem, avtroppande leiar
Frå Venstre: Øyvind Kjølvberg, ny leiar, og Olaf Gjedrem, avtroppande leiar. Foto: Jordvern Norge

Laurdag 30. november vart det duka for det fjerde årsmøte i Jordvern Norge i Oslo. Møtestaden var fysisk på nye Landbrukets Hus og på digitale flater for dei som hadde behov for å sleppe reisa til Oslo. Kring 25 delegatar og andre deltakarar var med på årsmøte.

Før årsmøte vart det arrangert ein konferansedel der me tok opp aktuelle jordvernsaker.

  • Korleis kan me ta betre vare på dyrka og dyrkbar jord? Korleis kan samferdsleprosjekt ta betre vare på matjorda? Ved Sigbjørn Gjelsvik, leiar i Stortingets samferdslekomité
  • Korleis forankre jordvernmålet i kommunanes daglege politikk? Ved Kristine Lien Skog, instituttleiar Institutt for by- og regionsplanlegging, NMBU
  • NIBIOs jordvernarbeid, ved Arne Bardalen, spesialrådgjevar NIBIO

Etterpå vart det tid for dei ordinære årsmøtesakene. Under valet vart Olaf Gjedrem takka av for ein formidabel innsats som leiar gjennom heile Jordvern Norges fireårige historie. Jordvern Rogaland nytta høvet til å overrekke ham jordvernprisen. Øyvind Kjølberg, tidlegare nestleiar, vart valt som ny leiar. Hildegunn Marie Tønnessen Seip og Olav Martin Synnes. Frøydis Haugen gjekk ut av styret.

Til slutt vart uttale frå årsmøte vedtatt.

Les protokollen her.

Frå venstre: Alexander Rügert-Raustein, leiar av Jordvern Rogaland overrekker avtroppande leiar Olaf Gjedrem jordvernprisen