Regjeringa er på rett veg med jordvernsatsinga


Publisert: 19.09.2024

Men dei treng fleire verkemiddel for å nå målet. 
 
Det er gledeleg at statistikken frå 2023 viser at den samle omdisponering av dyrka jord går ned. Men omdisponering og bruk av dyrkbar jord går dessverre opp, og ligg på eit heilt uakseptabelt nivå. Regjeringa har ikkje sett noko mål om å redusera den årlege avgangen av dyrkbar jord. Det er skremmande å sjå at jord-reserven vår vert nedbygd når me går inn i ein tid med meir krevjande matforsyning og fleire munnar å mette.  

NIBIO held nå på med ei oppdatering av kor mykje dyrkbar jord som er att. Det har ikkje vore nokon heilskapleg oversikt på mange tiår. Jordvern Norge fryktar at denne resursen av dyrkbar er drastisk redusert frå dei omlag 12 millionar daa som er det gamle anslaget. Så snart NIBIO sitt arbeid gjer oss oppdaterte tal ventar me at regjeringa kjem med tiltak for å verne den dyrkbare jorda . 
 
Jordvern Norge er uroa over at for mange kommunar ikkje bryr seg om dei byggjer ned dyrka mark. Statsforvaltaren har ikkje effektive verkemiddel til å stansa desse. Det må regjeringa gje snarast. Det nyttar lite å be kommunane om ikkje å omdisponera dyrka jord, når kommunar berre fortset som før med si nedbygging utan å risikera at nokon kan eller vil stansa dei. 
 
Det er òg uforståeleg at ikkje regjeringa brukar hardare verkemiddel for å stansa nedbygging av 140 000 daa som kommunar tidlegare har fått. Regjeringa må setja krav om ny behandling av “nedbyggingsplanar” som er eldre enn 3 år, og gje statsforvaltarane fullmakt til å krevja utarbeiding av alternative planar som ikkje tek dyrka eller dyrkbar jord. 
 
 
Olaf Gjedrem 

Leiar, Jordvern Norge