Seks krav til revidert jordvernmål
Endeleg kunne me samlast til fysisk styremøte i Jordvern Norge, der me utarbeida seks krav til jordvernmålet, blant andre styresakar.
Frå venstre: Anne-Kristin Løes, Olaf Gjedrem, Øyvind Kjølberg, Are Hauge Braaten (sekretær), Audhild Synnøve Slapgård, Hans Huseby.
Jordvern Norge vart skipa i 2020, men det var ikkje før eitt stykke inn i 2022 at me endeleg kunne samlast til fysisk styremøte. Teams har vore ypparleg til å overhalde smittevernreglane og reisekostnadane nede, men fysiske samlingar er heilt naudsynte for å kunne utvikle eitt godt samarbeid i styret.
Her litt av det som ble diskutert og vedteke av styret:
Seks krav til revidert jordvernmål
- Stramme inn jordvernmålet til maks omdisponering per år av 2000 dekar dyrka jord, og etablere eitt eige mål for omdisponeringa av dyrkbar jord på maks 2000 dekar innan 2025.
- Det er avsett om lag 100.000 daa dyrka jord til anna utbyggingsformål enn jordbruk i kommunale planar. Urealiserte planar må tilbakeførast til LNF-formål innan 2025.
- § 9 av jordloven skal respekterast. Overhalde forbodet mot regulering av dyrka og dyrkbar jord til bustad, næring og parkeringsplass, ved å fjerne høvet til dispensasjon.
- Statsforvaltaren må få regionalt ansvar for handheving av jordlova.
- Nedskalering av nye vegprosjekts forbruk av dyrka og dyrkbar jord, gjennom blant anna å nytte ein mindre arealkrevjande vegstandard.
- Ved all detaljregulering skal det førast eitt arealrekneskap.
Andre sakar
Blant dei andre sakane var korleis arbeidet i arbeidsgrupper – arbeidsutval, økonomigruppe og kommunikasjonsgruppe, har vore. Alliansebygging, Green move-prosjektet, damping av jord, årsmøte og konferanse, og prosjekt digitalt jordvernverktøy.