Ta vare på matjorda i samferdsleprosjekt og anna utbygging


Publisert: 10.12.2024

Arbeid med et veiprosjekt, antatt i Trysil, 1913. Ukjente arbeidere. Foto: Jakob Jakobsen Engerdal/Anno Trysil Engerdal Museum. Public Domain,

Årleg vert truleg 1 000 000 tonn matjord fjerna ved utbyggingar. Det er nødvendig at sentrale og kommunale styresmakter set opp bindande krav til utbyggjarar om korleis desse enorme moldresursane skal nyttast.  

Kring 80-90 % av denne jorda bør brukast til jordbruksføremål. Jordvern Norge er deltakar i “Green Move” prosjektet som gir gode retningslinjer for best mogleg resultat av jordflytting.  

Matjord er masse som yrer av liv, og god jordflytting som tek vare på dette livet er krevjande. Feil handtering av matjorda gjer at me risikerer å øydeleggje matjorda, viser forsøk gjort av NIBIO, som har skrive ein vegleiar for jordflytting.* Difor er det viktig å kvalitetssikra jordflytting, og nytte vegleiaren som fagrunnlag ved vurdering av tilstrekkeleg kompetanse av utførande entreprenører og for gjennomføring av tiltak. 

I samferdselsprosjekt er det ikkje nødvendig å nytta jord til områder og skråningar. Grus, sand, bork og opphakka skogsmaterialer er betre. Dette er og driftsmessig , økonomisk og miljømessig betre løysing,  med mindre grasslåing og mindre spreiing av ugras som og stundom er giftig  

Alle kommunar skal ha jordvernplanar. Staten gir økonomisk støtte til dette. Desse planane må innehalda krav om gjenbruk av matjord som vert fjerna ved utbyggingar av alle slag.   

Gjennom lokale initiativ vert noko av matjorda nå nytta til jordbruksføremål.  

Men det er nødvendig at me må ta vare på matjorda ved all utbygging og sikrar at den kan produserer mat og tryggjer vår sjølvforsyning. 

*https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2454793/NIBIO_BOK_2017_3_4.pdf?sequence=2&isAllowed=y#page42