Viktig siger for jordvernet!


Publisert: 26.09.2023

Veg over Jæren
Veg på Jæren Foto: Rogaland Bondelag

Regjeringa endrar vegnormalen, og reduserer breidda på motorvegane. Det vil spare matjord.

-Me er takksame for at regjeringa tek grep i vegbygginga, og at me framover skal vere meir nøkterne i arealbruken ved vegprosjekt, seier Olaf Gjedrem, styreleiar i Jordvern Norge.

Regjeringa fjernar kravet om 110 kilometer i timen på alle nye firefeltsvegar, som gjer at me vil få fleire to- og trifeltsvegar, meir gjenbruk av trase og smalare firefeltsvegar. Høgare hastigheit krevjar breiare og beinare veger med mindre fleksibilitet i traseval, samanlikna med vegar med lågare hastigheit.  Denne endringa i vegnormalen vil ikkje berre spare matjord, men også natur, klimagassutslepp og kostnadar ved bygging. -Me kan sjå til Sverige for korleis ein kan byggje gode motorvegar med tri felt som tek mindre areal. Billegare er dei også, held Olaf Gjedrem fram.

Les meir på NRK https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/regjeringen-vil-gjore-motorveiene-smalere-og-tregere-a-kjore-pa-1.16570269