E39 Ørskogfjellet – Vik: Støttar alternativ K.2.B.


Publisert: 26.04.2021

Jordvern Møre og Romsdal støttar Statens Vegvesen si tilråding om alternativ K.2.B. for trase mellom Ørskogfjellet og Vik, Tomrefjord. Dette er ein delstrekning på sambandet mellom Ålesund og Molde. I sine merknader til planprogram er Jordvern Møre og Romsdal samtidig bekymra for konsekvensar for dyrka og dyrkbar jord når det gjeld massehandtering, omfang av øvrig trafikkareal og kryss, samt eventuell tilslutningsveg mot Helland og Tresfjordbrua. Les merknadane her.