JORDVERN SKAL PRIORITERAST HØGT VED VEGBYGGING

Jordvern Møre og Romsdal gjennomførte årsmøte og ope møte om Jordvernvennleg vegplanlegging og vegbygging på Batnfjordsøra onsdag 9.4. Det var ingen tilfeldighet at møtet vart halde på Batnfjordsøra, i og med at arbeidet med planlegging av ny E39 gjennom Batnfjorddalføret er under sluttføring.
Ope møte om jordvernvennleg vegbygging
Møtedagen starta med at det var invitert til ope møte med tittelen Jordvernvennleg vegplanlegging og vegbygging – om rammer og muligheter for jordvern. Erik Olufsen frå ingeniørselskapet Sweco orienterte. Olufsen er også bonde i Aure. For tida arbeider han, på oppdrag frå fylkeskommunen, med førebuing til delvis ny og delvis oppgradert fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt på Sunnmøre.
I sitt innlegg var Olufsen klar på at jordvern no står høgt på lista med forhold som det må takast omsyn til ved vegplanlegging. Han kom vidare med fleire konkrete eksempel på korleis jordvern kan ivaretakat på ein betre måte gjennom både overordna og detaljert planlegging.
Han viste til Statens vegvesen si Håndbok N100 – Veg- og gateutforming. Der blir dei ulike dimensjoneringsklassane av vegar og krava til desse vist, inkludert konsekvensar for vegbreidde, vegframføring, kryssløysingar, avkjørslar, m.v. Olufsen var klar på at det også innafor dimensjoneringsklassane er muleg å planlegga for meir jordvern.
Han kom også inn på at planleggar/utbyggar og grunneigar har svært ulike føresetnader i ein planleggings- og utbyggingssituasjon. Planleggar/utbyggar har lang erfaring og kompetanse til disposisjon. Grunneigar er ofte uerfaren, aleine og utan midlar til å betala for hjelp i planfasen. Grunneigar bør difor få mulighet til å få dekt kostnader til fagleg hjelp og rådgjeving i planfasen.
Til slutt kom han inn på at det er svært viktig å følgja heile planprosessen og at den som er berørt kjem med innspel så tidleg og så konkret som muleg.
Årsmøte
Årsmøtet hadde ein god diskusjon om forhold knytt til det foregåande opne møtet. Frå fleire vart det peika på at det primært må arbeidast for å hindra nedbygging og at det blir feil når handtering og flytting av matjord blir brukt som argument for nedbygging.
Årsmøtet gjorde vedtak om gjenvalg på alle i styret som var på val. Styret består no av Øystein Solli (leiar), Leif Inge Grebstad, Svein Ulrik Brubak, Sissel Hansen og Atle Frantzen, med Karianne Skotte og Olav M.Synnes som vara.