Jordvernkonferanse og årsmøte i Jordvern Norge


Publisert: 28.12.2021

Jordvern Norge inviterte til jordvernkonferanse og årsmøte i Oslo 26.12.2021. Frå Jordvern Møre og Romsdal deltok Leif Inge Grebstad og Øystein Solli. Anne-Kristin Løes, som er varamedlem i Jordvern Møre og Romsdal deltok dessutan som styremedlem i Jordvern Norge.

I konferansen tok statssekretær i landbruks- og matdepartementet Wenche Westberg for seg kva verktøy regjeringa vil nytte for å nå jordvernmålet. Etterpå held spesialrådgjevar Arne Bardalen i NIBIO eit interssant foredrag om kvifor jordvern er viktig.

I årsmøtet vart Olaf Gjedrem attvald som styreleiar. Det vart også laga ein eigen uttale frå årsmøtet.

Sjå meir info her: