Jordvernprisen 2023
Assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes er tildelt Jordvernforeningen i Rogaland sin jordvernpris for 2023.
Anfinn Rosnes har arbeidd med jordvern i nær 35 år i ulike stillingar, på kommune- og fylkesnivå og i nasjonale prosjekt. Gjennom lang tid har han vore Statsforvaltaren i Rogaland sin saksbehandlar i alle saker som gjeld jordvern. Han brenn for å redusera omdisponeringa av jordbruksareal til andre føremål, og har alltid arbeidd innafor gitte rammer frå overordna, statlege organ. I dette arbeidet ligg også ei framifrå evne til å setja jordvernet inn i ein større samanheng og å vekta ulike interesser mot kvarandre. Han har vore aktiv i å formidla kvifor vern av produksjonsareala våre er så viktig, og for å sikra breiast mogleg oppslutnad i politiske organ og i opinionen elles.
Prisen blei tildelt på Jordvernforeningen sitt årsmøte den 21. mars i år.
Me gratulerer Anfinn Rosnes med Jordvernprisen for Rogaland 2023!