Dropp planane om lagerbygg på Vagle, Coop!


Publisert: 01.04.2022

I dag planlegg Coop å bruke 60 dekar matjord til å bygge eit lager på Vagle i Sandnes. I lys av den betydelege usikkerheita krig, energikrise og klimaendringar gjer på kort og lang sikt for matproduksjonen, ventar me at myndigheiter og Coop vaknar og legg bygget ein anna plass.

Me treng all matjorda me har, og Coop med sine institusjonelle røter i landbruket må ta sin del av ansvaret for matsikkerheita.

Med optimal gjødsling er området stort nok til å gje ein kornavling som gjer 60.000 brød i året. Coop skryter av sine berekraftsmål, og skal ikkje vere som dei andre matvarekjedene eigd av rikingar og aksjonærar som fyrst og fremst er ute etter størst mogleg avkastning.

Coop er eigd av sine 1.8 millionar medlemmar, og me trur at eigarane av Coop forventer at deira selskap opptrer samfunnsbevisst og etisk. At dei innser at nedbygging av fin, dyrka mark verken er berekraftig eller politisk korrekt samtidig som verda trugast av knappleik og mangel på mat.

Jordvern Rogaland har sendt eitt brev til Coop Noreg, og bedt dei heller byggje sitt nye lager på Skurve, like ved E39.