Markering av Verdas Jorddag – konferanse på Gjermundnes vgs
Mandag 6.12. inviterte Jordvern Møre og Romsdal, i anledning Verdas Jorddag, til konferanse på Gjermundnes vgs. Programmet var ei god blanding av tema knytt til lokal arealforvaltning, bonden sin kvardag, agronomi, politikk og lovverk.
Det var fokus på driveplikt, rullering av kommuneplanar, at jordvern må prioriterast sterkare i samband med veg- og bustadbygging, samt at det må setjast strengare krav til bruk, handtering og etterbruk av matjord.
Dette er 5.året at Jordvern Møre og Romsdal markerer Jorddagen. Eit 30-tals deltakarar fekk høyra gode innlegg frå Kolbjørn Gaustad og Øystein Solli frå Jordvern Møre og Romsdal, Frank Madsøy og Gunvor Ytterstad frå Statsforvaltaren, tidlegare jordbrukssjef Nils Sanden, Aadne Horr frå Gjermundnes vgs og Konrad Kongshaug frå Møre og Romsdal Bondelag. Dessutan var det innlegg frå fleire kommunar samt ei engasjert forsamling.
Seniorrådgjevar Gunvor Ytterstad, Statsforvaltaren: Juridiske og politiske føringar for disponering av dyrka og dyrkbart areal
Konrad Kongshaug, leiar Møre og Romsdal Bondelag: Korleis kan kommunane sikra at matjorda blir tatt betre vare på?
Landbruksdirektør Frank Madsøy, Statsforvaltaren: Utfordringar i arbeidet med jordvern
Nils Sanden, pensjonert jordbrukssjef, landbrukstakstmann og leiar Midsund Bondelag: Jordlov, driveplikt og andre forhold knytt til det å eiga og leiga dyrka og dyrkbar jord:
Frå årsskrift til Haram kulturhistoriske lag