Planlagd rasering av strandsone – ope brev til Fylkesmannen i Hordaland


Publisert: 07.02.2019

I Bømlo kommune, med nærare 12000 innbyggjarar, vert det no investert om lag 1,6 mrd. i nye fylkesvegar i Bømlopakken. Har ikkje matjord, kystmiljø og det biologiske mangfaldet same verdi på Bømlo som på Os, der E39 skal førast fram?

 

 


Det er med undring me ser at Fylkesmannen i andre høyringsrunde let vera å meina noko om strekninga mellom Kulleseid og Sakseide på fv. 541, som er ein del av Bømlopakken.

Reguleringsplanen for strekninga er no vedteken i kommunestyret, men ikkje endeleg, fordi lovlegkontroll er kravd. Heilt nord på denne strekninga har det vore store protestar frå folket lokalt på kor vegvesenet vil leggja vegen. I første høyringsrunde bad også Fylkesmannen om at ein sterkt burde vurdera å bruka eksisterande trasé. Dette gjev minst påverknad på dei ikkje prissette tema; landskapsbilde, naturmiljø, nærmiljø, friluftsliv,
kulturmiljø, naturressursar og strandsone. Vidare står det i uttalen: «Fylkesmannen tykkjer det er svært uheldig med eit planframlegg som legg til rette for omfattande utfylling av masser, i strid med LNF-føremålet i strandsona».

 

Alternativet som Statens vegvesen tilrår, vil føra til ei øydelegging av 170 meter verdifull strandsone. Her ligg det og eit SEFRAK-registrert naust, som vil få ei enorm steinfylling tett innpå. Fyllinga skal leggjast i ein rik kastevåg, der ein i alle år har kasta etter makrell og sild. Konsekvensane denne fyllinga vil ha for fisket er ikkje tilstrekkeleg greia ut, og Fiskarlaget Vest har uttrykt sterk bekymring for dette. Ved denne vågen låg det tidlegare
ei kommunal bossfylling. Avrenning av miljøgifter frå dette deponiet har lagt seg på botnen der steinfyllinga skal komma. Målingar av miljøgifter er ikkje gjort nær denne staden. Er dette miljøproblemet verkeleg tilstrekkeleg vurdert? Grunneigaren som får fyllinga på sin eigedom har på eige initiativ fått ein konsulent til å rekna på kva ei høgbru litt lenger frå stranda vil kosta. Denne brua vil spara strandsona, SEFRAK-miljøet
og kastevågen. Kostnadane er rekna til å vera på storleik med kostnadene med fyllinga. Statens vegvesen avviser dette med grunngjevinga at ei lågbru (som dei har rekna på), vil gi for stor stigning. Dette er jo ikkje svar på det ein har spurt om!

 

Lenger sør varsla Fylkesmannen motsegn dersom ikkje vegen vart lagt utanom eit område ved Lyklingvatnet. Det vart møte mellom Fylkesmannen, Statens vegvesen og Bømlo kommune for å løysa saka. I dette området vart det gjennomført ny artskartlegging og sju raudlista artar vart funne, mot ingen ved første kartlegging. Dermed vart vegen lagt om for å ta omsyn til desse funna. Det vert vist til at det ikkje er funnen verdifulle artar ved synfaring
på Sakseide i august 2014. Denne synfaringa vart ikkje gjennomført i august, slik det står i sakspapira, men i siste halvdel av september. Det er heller ikkje å venta at ein finn stor artsrikdom på denne tida av året. Kan henda hadde ein også her funne større artsrikdom, inkludert raudlista artar, dersom ein hadde gjort kartlegging på vår/sommar i staden for på hausten? Kvifor vart det berre gjort ny kartlegging lenger sør?

 

Jordvernforeininga i Bømlo kjempar for å bevara matjord, kulturminne og det biologiske mangfaldet. Me hadde forventa å ha Fylkesmannen på vår side i denne saka. Tar me feil?

Jordvernforeininga i Bømlo, ved Jan Sigve S. Robberstad og Eli Tverborgvik

 

Jan Sigve S. Robberstad og Eli Tverborgvik

For Jordvernforeininga i Bømlo