Høyringssvar til Nasjonal transportplan 2025-2036 


Publisert: 16.04.2024

Veg over Jæren
Veg på Jæren Foto: Rogaland Bondelag

For Jordvern Norge er det viktig å påpeika eit par prinsipp som bør vera overordna ved bygging av trafikkårer: 

 
For det første, må utbyggjar få plikt til å ta vare på all matjord og skapa dobbel mengd areal som det vert mista i utbygginga. Om jordflytting er einaste løysing, må ein sikra at jorda berre vert flytta til uproduktive områder. 

 
For det andre, må utbyggjar få ei plikt til å ta vare på, og nytta all matjord til landbruksføremål.  Det bør ikkje vera lovleg å dumpa mold eller nytta matjord i fyllingar, vegskråningar eller anna uproduktive føremål. 
 
Desse to prinsippa vil gjera slutt på den vanvitige sløsinga og misbruk av mold årleg i samband med samferdsleprosjektet.