JORDVERNKONFERANSE MED FOKUS PÅ VEGBYGGING 


Publisert: 18.01.2024

Bilde tatt bak fra salen der vi ser et fullsatt publikum og foredragsgholder

Som innleiing til det nye året inviterte Jordvern Møre og Romsdal til open jordvernkonferanse på Kulturstuå, Batnfjordsøra, tirsdag 2.januar. Konferansen hadde som mål å fremma forståinga for jordvern, særleg med fokus på vegbygging og handtering av matjord. Konferansen, godt leia av Kristin Sørheim, samla ca 60 deltakarar.

Det konkrete og lokale bakteppet for konferansen handla sjølvsagt om den pågåande planlegginga av ny E39 Astad – Bjerkeset gjennom Batnfjordsdalføret, samt erfaringane med bygging av ny E39 Lønset – Hjelset i Molde. Det meir overordna bakteppet handla m.a. om at Stortinget nyleg har vedtatt ny jordvernstrategi og spørsmålet om kva dette bør ha å seia for omsynet til dyrka og dyrkbar jord og gardsdrift både i samband med prioritering, planlegging og gjennomføring av veganlegg. Dessutan veit vi at vegbygging er den faktoren som totalt sett fører til mest nedbygging av dyrka jord i Norge.

Den overordna inngangen til konferansen stod Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse for med foredraget «Jordvern i samfunnsperspektiv». Vidare kom det i tur og orden innlegg frå Halgeir Brudeseth frå Statens Vegvesen, Knut Sjømæling ordførar i Gjemnes, Lars Lyche frå Gjemnes Bondelag og Øystein Solli frå Jordvern Møre og Romsdal. Alle desse innlegga kasta kvar på sin måte lys over ulike sider og forhold knytta til vegbygging.

Deretter gjekk utfordringa til stortingsrepresentantane Sigbjørn Gjelsvik(Sp) og Geir-Inge Lien(Sp) på oppfølgjingstemaet «Regjeringa sin jordvernstrategi i praksis.» Gjennom å vera leiar og medlem i Stortingets transport og kommunikasjonskomite er dei begge sentrale i forhold til prioritering av statlege vegsaker, deriblant E39.

Verken Gjelsvik eller Lien ville koma med lovnader knytta til E39 Astad – Bjerkeset. Men dei fekk eit godt inntrykk av engasjementet rundt saka og ei god innføring i verknadane av eventuell gjennomføring av planane slik dei i dag ligg føre. Dei kom også med klart budskap om at dei framleis ønskjer konkrete innspel på alternativ som i størst muleg grad reduserer tap av dyrkajord.

Så er det å håpa at dagen blei eit godt bidrag for å finna gode løysingar for Batnfjordsdalføret. Men i tillegg er det å håpa at dagen var eit bidrag for å skapa betre forståing for at også framføring av veganlegg i større grad må tilpassast og prioriterast i forhold til overordna føringar for klima, miljø, matforsyning og beredskap.

Jordvern Møre og Romsdal var arrangør av konferansen, i samarbeid med Gjemnes kommune og Gjemnes Bondelag.

PROGRAM, PLANSJAR OG OMTALE AV KONFERANSEN

Program for konferansen.

Christian Anton Smedshaug:

Produksjon – jordvern og beredskap i et samfunnsperspektiv. 

Halgeir Brudeseth:
Korleis jordvern blir hensyntatt i vegprosjekt.Status E-39 Astad – Bjerkeset. 

Knut Sjømæling:
Prosessen knytt til E-39 gjennom Gjemnes 

Øystein Solli:
Erfaringar – jordvern og utbygging av E-39 Lønset – Hjelset.